Nyheter

Daniel Holten og Sveinung Holten Leifsen kom seg i mål og blei nummer 50 under Mountain Rally

Gjennomførte Mountain Rally

 

Daniel Holten og Sveinung Holten Leifsen kom seg i mål og blei nummer 50 under Mountain Rally.

 

Daniel Holten og Sveinung Holten Leifsen fekk ei grei gjennomkjøring under sitt aller første rally, Mountain Rally på lørdag, og enda til slutt på ein 50 plass totalt.
Likevel såg det litt stygt ut midtveis under den fjerde fartsprøva.
-Kjørte inn i ein stein og måtte ha hjelp for å få bilen laus, og me tapte vel rundt fem minutt på dette, seier Daniel Holten.
Sjølv om dei også øydela ein felg i denne hendinga kom dei seg til mål og inn til service og vidare til neste fartsprøve.
-Bilen fungerte sjølv om den ikkje har meir krefter enn den bør ha, men etterkvart som me vart betre kjend med konkurranseforma, og dette å køyra etter noter, gjekk det både betre og fortare.
Av dei 76 bilane som var påmelde vart Daniel og Sveinung nummer 50 til slutt.
-Nokre køyrde ut og andre fekk stopp, men det er no ein del av gamet.

Foto: Daniel og Sveinung – Mountain Rally

 

Daniel Holten og Sveinung Holten Leifsen i fint driv under Mountain Rally. Foto: Benjamin A. Ward

Det blir premiere og festkveld på Sandeid samfunnshus, laurdag 4. februar!

Cornelis Vreeswijk
-blues og ballade
Det blir premiere og festkveld på Sandeid samfunnshus, laurdag 4. februar!
Sandeid ul teater byr på eit stjernedryss frå Cornelis sitt skattkammer.
Før framsyninga vil  de få servert Koldtbord med kake og dessertbord + kaffi.
Dans til kl. 0200
Framsyninga Cornelis Vreeswijk,- blues og ballade vil  gi eit lite tversnitt av livet og produksjonen samt dei mange som inspirerte  den populære forfattaren og visesongaren.  Vresjwijk var eigentleg nederlandsk, men han kom til Sverige som tenåring, og det er som svensk visesongar me kjenner han.
Vreeswijk var svært populær, men og omstridd medan han levde.  Han var svært samfunnsengasjert, og han hadde ofte ein kommentar med skråblikk på det etablerte i visene sine.  Humor og ironi var verkemiddel han gjerne bruka, men få har meistra det vakre og vare i tekstane betre enn han.

Billettar får de hos Sandeid Bensin AS,- www.sandeidul.no  og i tlf 99550704
Ny framsyning på Sandeid samfunnshus, søndag 5. februar kl. 1900
Førestellinga skal på turne til Sauda 11, februar og Tysværtunet 12. februar.

 

Før NM opning i rally, Mountain Rally

Pressemelding frå Holten Motorsport
Før NM opning i rally, Mountain Rally
Gol laurdag 14. januar 2012
Info: www.mrally.no

Prøver seg i rally

Daniel Holten og Sveinung Holten Leifsen prøver seg i rally under Mountain Rally.

Med Sveinung Holten Leifsen i kartlesarstolen startar Daniel Holten i rallyløypa på Gol når NM sesongen i rally startar på laurdag med Mountain Rally. For nokre veker var sidan var Daniel i Oslo og tok rallylisensen, og i helga var han på Sørlandet i henta heim ein bil for klassen Volvo Original.
I 2010 tok Daniel Holten NM i gull i rallycross, medan han i fjor satsa på EM i rallycross og blei nummer ni samanlagt i Super 1600 i sin Citroen Saxo. Rallycross blir det også i 2012, men no vil han ha køyretrening før rallycrossesongen startar.
-Det er det som er planen, og for å få ein fullverdig rallylisens må eg fullføre to rallyløp, og å kome til mål i Volvoen er hovudmålet til helga, seier Daniel, som mandag kveld var i full gong med å gjere Volvoen klar før han og mekanikar Åsmund Holten set kursen austover på fredag.
-Litt service og nødvendig vedlikehald blir det, i tillegg til at bilen skal lakkerast i Holten Motorsport sine fargar, forklarar han.
Frå Sverige og Torsby kjem Sveinung Holten Leifsen for å setje seg i kartlesarstolen for første gong. Erfaring med det har heller ikke han.
-Får ta det litt etter kvart, og som Daniel seier er planen å kome oss gjennom løpet og til mål og ta dette som ei læring.

 

Meir info : www.holten-motorsport.no eller Daniel Holten tlf. 98 28 37 98. Sveinung Holten Leifsen tlf. 98 28 37 97

Julekonsert

FØRJULSPUB

Arrangør: Vikedal Bygdahus  

www.vikedal-bygdahus.no


Avslutta med suksess

Avslutta med suksess

 

Johannes Holten Leifsen vart Vestlandsmester, Daniel Holten nummer fem i EM-finalen i Tsjekkia og Sveinung Holten Leifsen nummer fem på Vikedal Motorbane.

For Johannes blei det plankekøyring fordi han alt var Vestlandsmester før finalen på heimebane.
- Målet var nådd og det blei ikkje heilt optimalt i finaleløpet, seier han, som blei nummer fire. Johannes peikar på at dette var litt under den målsettinga om ein pallplass i finaleløpet.
-Men med ei punktering, ei snurring i alternativsporet såg eg etterkvart at det ville bli vanskeleg.
Også Sveinung Holten Leifsen koste seg i ein leigd Ford Escort på Vikedal Motorbane. Etter at han måtte stoppe i andre omgang på grunn av for varm motor fekk han ei fjerde tid i siste omgangen.
-Det blei litt tekniske problemer undervegs, men eg kom meg til A-finalen og eit bra resultat, seier han, som enda på plassen bak Johannes i rallycross nasjonal.


Etter at Daniel fekk alt på plass og kunne dra til Tsjekkia og EM-avslutning for hans del, blei det ein skikkeleg opptur der nede.
- At det skulle bli A-finale, i tillegg til ei tredjetid i første omgang,  er heilt optimalt på slutten av sesongen, seier ein svært godt nøgd Daniel Holten.
Det starta alt på treninga der han var heilt i toppen, og på tidskvalifiseringa var han oppe på ei sjettetid.
-Første omgangen la eit godt grunnlag, men i andre hadde eg eit uhell som kunne stoppa oss. Dyktige mekanikarar og god hjelp frå andre gjorde at me kom oss vidare og inn i A-finalen, forklarar Daniel.
Til slutt blei det femte spor i A-finalen, ein femte plass i finaleløpet og ein niande plass i EM-samandraget.
-Det er A-finalar eg køyrer for og er eg der er resten ein bonus, og for meg er dette resultatet og niande plassen samanlagt godt å ta med seg inn i vinterpausen.

 

Best i bilcross

Etter bilcrossfinalen i Vestlandsmesterskapet

på Vikedal Motorbane 2. oktober

Meir info: www.nmk-vikedal.net

Best i bilcross

Etter ein våt dag på Vikedal Motorbane kunne Gøran Spartveit og Joakim Bruland utropast til vestlandsmeisterar i bilcross.

I juniorklassen var det Thomas Nonslid, NMK Vikedal og Anders Hjelmås, NMK Bergen som kom på plassane bak Gøran Spartveit. Sidan Gøran alt hadde vunne juniorklassen før finaleløpet, valde han å køyre i seniorklassen under finalen.

-Det blei glatt og vanskeleg i dag og eg hadde ikkje fleire poeng enn til ein D-finale, og til slutt ein 18. plass i seniorklassen, seier Gøran, som likevel ikkje syns at det var særleg ulikt å køyre blant seniorane.
For han har målet denne sesongen vore å bli Vestlandsmester i juniorklassen.
-Det var målet og det greidde eg, og er eg veldig godt nøgd med det.

Til neste år kjem han til å halde fram i bilcross, men trur ikkje han kan gjenta suksessen der.
-Tar det litt roleg i høve til det, og satsar å ta stega vidare i den klassen gradvis.

Anders Hjelmås vann løpet i juniorklassen, føre NMK Vikedal-førarane Sondre Hundseid Eikeland og Håkon Tveit.

Over i rallycross
For Joakim Bruland blei det kamp heilt til finalane, før han var sikker på at han var mester.
-Hadde litt å gå på, men då eg vart trekt inn i A-finalen, etter at me var fleire på same poengsum, var det avgjort, seier han, som til slutt slo Knut Endre Ringhagen med 15 poeng.
I A-finalen kom ikkje Joakim heilt til mål.
-Hadde eigentleg godt feste og hang godt med i feltet, men til slutt stoppa vindusviskararen og då såg eg ingenting, og køyrde av banen, forklarar han, som no gir seg med bilcross.
-Syns det blir ganske dyrt, og på dei sju løpa som eg har køyrt i år har eg brukt rundt 20.000 i budgebyr, er mellom alle forklaringa på at han går over til rallycross neste år.
-Då blir det NSU igjen og Vestlandsmesterskapet i den.
Per Gaute Østbø, NMK Vikedal vann finaleløpet i Vestlandsmesterskapet, føre Karl Helland NAF Gjesdal og Jon Bjarte Aarekol, NMK Vikedal.

Positiv før finalen

Før EM-finalen, AUTODROM CESKÁ LÍPA, Tsjekkia 1. – 2. oktober
Meir info: www.erc24.com

Positiv før finalen

Daniel Holten tar også med seg EM-finalen i Tsjekkia som ein avslutning på sesongen.

Dermed får Daniel Holten med seg ni av ti EM-rundar denne sesongen. Runden i Frankrike stod han over. Også i fjor var han i Tsjekkia på finaleløpet, kvalifiserte seg til A-finale og fjerde spor. Like lett trur Ikkje Daniel det går no.
- Er likevel positiv til det som skal skje no òg, og håpar eg kan avslutte sesongen med eit godt resultat. Eg kjenner banen og veit kva eg går til, og om bilen fungerer er dette heilt klart ein fordel.
Det er mykje som skal på plass for at Daniel skal kunne kome seg til EM-løp.Onsdag ettermiddag sette dei seg i løpsbussen på veg mot Tsjekkia.
-Denne gongen er det Per Vidar Flesjå som køyrer bussen nedover, og eg har med meg bror min Åsmund, resten av teamet kjem nedover med fly på fredag. Eg set stor pris på dei som på denne måten stiller opp slik at eg får med med også dette løpet, sluttar Daniel.

Meir info : www.holten-motorsport.no

eller Daniel Holten tlf. 98 28 37 98.

Klar for sesongavslutning

Før finalen i Vestlandsmesterskapet
Vikedal Motorbane, lørdag 1. oktober  kl 12.30.
LøpsInfo: www.nmk-vikedal.net

 

Joakim Rønnevik er klar for sesongavslutning og finalen i Vestlandsmesterskapet på Vikedal Motorbane.

Etter løpet på Dokka har bilen stort sett sått i garasjen og venta på dette løpet.
- Det har  ikkje vore så mykje å gjera med bilen, berre ein god service, seier Joakim, som til helga har sett seg som mål å dra i land Vestlandsmesterskapet i juniorklassen i rallycross.
-Må bli nummer to i klassen for å greie det.
Den første i rallycross sesongen har gått over all forventning, og målet før sesongen var å blanda seg inn litt i toppen.
- At det skulle bli gull i rallycross junior cup var stort, så heile sesongen har vore heilt topp, seier han.

Etter løpet i Vikedal neste skal bilen få ein sikkelig sjekk før sesongen startar igjen til våren.
- Neste år er igjen målet å kome på pallen i rallycross junior cup i tillegg til å delta på løpa på Vikedal Motorbane.

Meir info: kontakt: Joakim Rønnevik: tlf. 48244027

eller sjekk www.ronnevik-racing.com

 

Finalen i Vestlandsmesterskapet

Finalen i Vestlandsmesterskapet

Vikedal Motorbane, lørdag 1. oktober kl 12.30
Løpsinfo: www.nmk-vikedal.net

Kan senke skuldrene

For Johannes Holten Leifsen har det vore eit mål å bli Vestlandsmester. No er han det før finalen. Sveinung Holten Leifsen stiller i Ford Escort.

- Etter suksessen på Klepp sist helg blir finalen litt annleis enn eg hadde tenkt på forhånd, seier Johannes Holten Leifsen, som har sikra sigeren i meisterskapen før finalen, slepp press og kan senka skuldrene noko under løpet. Likevel er han sugen på å komma på pallen på laurdag som han har gjort i alle rundane i meisterskapen i år.

- Hadde eg klart å følgja opp den gode haustsesongen med seier så hadde det vore prikken over i`en.
Åtte førarar er påmeldt i klassen så blir det kamp berre å kome til finalen. Men Johannes er klar.
-Ein teknisk sjekk, hjulkontroll og litt flikking på bilen på fredag så er me klar. Focusen er faktisk ganske heil med tanke på at me har kjørt 11 løp til nå i år, og ein god del testing, seier Johannes, som håpar folk tar turen på løpet på laurdag.

-Så skal me prøva å laga litt show for dei oppmøtte.

Det er no også klart at Johannes også får selskap i klassen av Sveinung Holten Leifsen.
-Eg skal køyre Ford Escorten til Per Magne Flatebø som bror min Ernst blei nummer to med på Klepp sist helg, seier Sveinung.

Meir info : www.holten-motorsport.no

eller

Johannes Holten Leifsen tlf. 98 28 37 94

Sveinung Holten Leifsen tlf. 98 28 37 97

Page 1 of 1412345...Last »