Idrettshall – ein arena for utvikling og samhald i indre del av kommunen

Vikedal Bygdahus står som byggherre for eit av dei største samarbeidsprosjekta som har vore i indre del av kommunen gjennom tidene. Imsland, Sandeid og Vikedal skal byggja idrettshall saman. Det er stor interesse for å få til dette positive prosjektet. Dugnadsviljen er på topp!

Det har i mange år blitt arbeidd med å realisere ein idrettshall i Vikedal. Ein eigen idrettshallkomite har i fleire år jobba med dette prosjektet.

Arbeidet med idrettshall i Vikedal har synt seg å bli eit viktig prosjekt for Imsland, Vikedal og Sandeid, i og med at dette er første gong at desse tre bygdene prøver å realisere eit så stort byggjeprosjekt saman.

Det er oppretta ei eiga finansgruppa og ein byggjekomité, der det i begge er ei lik fordeling av representantar på dei tre bygdene.

Det er svært positivt at alle tre bygdene har fått eit eigarforhold til den nye hallen. Det viser igjen på dugnadslistene. Drivkrafta for foreldre og besteforeldre er at alle ser kor stor betydning det har for ungdommane i desse bygdene at me får ein idrettshall

Vikedal Bygdahus vedtok på årsmøtet 11. februar 2010 å godkjenne budsjett for investering og drift for hallen, og på dette møtet vart det vedteke ei låneramme til 10,2 million for å nå kravet i finansieringsplanen. Hallen har ein prislapp på vel 15,5 millionar kroner.

Haugesund Sparebank har sagt ja til eit byggjelån på over 10 millionar kroner, og etter at spelemidlane er trekte frå, sit Vikedal Bygdehus igjen med eit langsiktig lån på 4,2 millionar kroner. Det var helst ønskjeleg at Vindafjord kommune skulle forskottere spelemidlane, men med 100.000 kroner i årleg rentestøtte frå kommunen som alternativ, sa årsmøtet i bygdehuset ja til å ta opp det nødvendige lånet. Samarbeidet med kommunen har gitt ei god løysing. Kommunen deltar økonomiske gjennom fleire kanalar, og formannskapet gav eit godkjent stempel til både finansiering, framdrifsplan og driftsbudsjett i mai.
Kommunen eig grasbanen og betaler 250.000 kroner til flyttinga som skal gi plass til hallen, pluss 1,25 millionar kroner i tilskot, 100.000 kroner i årleg rentestøtte til spelemidlane blir utbetalte, pluss at Vikedal skule skal leige tid i hallen for inntil 100.000 i året.

Vindafjord Idrettslag er også ein viktig samarbeidspartnar. Dei har gjort vedtak om at dei kjem til å leige hallen for ein årleg sum av 250.000 kroner.

Hallen vil bli eit nytt positivt element for Imsland, Vikedal og Sandeid,. Her vil det kunne bli aktivitet for alle aldersgrupper, eit betre tilbod til elevar ved skulane, knyte dei tre bygdene saman og gjere det kjekkare å bu i Imsland, Vikedal og Sandeid, i tillegg vil det bli meir interessant å kjøpe seg tomt og byggje seg hus i desse bygdene.

Festivalbygda er ein av motorane som skaffar inntekter, og Vikedal Bygdehus er sjølv ansvarleg for to; dansefestivalen og sommarfestivalen.

Engasjementet rundt å skaffe tilstrekkeleg med eigenkapital, med alt frå besteforeldrekonto som har passert ein halv million, tilskot frå næringslivet og bidrag frå lag og organisasjonar er fantastisk.

Før ein kan kome i gong med sjølve bygginga av hallen må grasbanen flyttast, og i desse dagar er dette arbeidet blitt sluttført. Den nye delen av grasbanen er planert og sådd i.

Berge Sag & Trelast, med Geir Berge som prosjektleiar, har planlagt byggjestart i august 2010 og dersom alt går etter planen blir det opning av hallen i mars 2011. Me gler oss!

Mvh
Nils Erik Eide
Leiar Vikedal Bygdahus